tirsdag 30. september 2008

Kurdistan


Kurdistan er heimeplassen min som eg er veldig stolt av. Det tilhører Irak, men mange i den kurdiske befolkninga vil ha sjølvstyre. Eg var berre 7år da eg flytta der i frå og var nettopp ferdig med første klasse. Eg har ikkje vert der på 10år, men har kjempe lyst å reise tilbake dit igjen for å møte slekta mi.

Det eg kan hugse er at plassen eg kjem i frå er kjempefin og at det er veldig varmt i forhold til Noreg. Det er veldig tørt der og lite regn, men om vinteren er temperaturen mykje lavare enn sommaren. Men det er ikkje mange minus gradar. Det er lite fjell og det er ikkje så grønt som det er i Noreg, men mykje finare.

Ein annan ting eg kan hugse er dei kjølige kveldane og den gode maten.
I min familie var det vanlig at slekta samlas ofte og spiste middag og kosa oss ilag. Det hugsar eg veldig godt, og den tida savner eg veldig mykje.

Musikken er heilt annerledes må eg sei. Det er ikkje mange som synger heavy metall eller rapper. Den kurdiske musikken minner meg litt om pop, men er samtidig annerledes frå den popen vi kjenner i Noreg.

På nyheitane får vi eit veldig negativt bilde av Kurdistan/Irak med krig og elendigheit. Men mitt bilde av Kurdistan er heilt annerledes og veldig fin. Det er ikkje alltid dei viser fram dei gode sidane av eit land som er i krig på nyheitane, og da er det lett for andre å dømme ut frå det dei får servert frå Tv'n.